Problem med sending av e-post

Dersom du plutselig ikkje får sendt ein e-post må du dobbeltsjekka at du har skrive rett mottakaradresse. Det kan ha lurt seg inn eit komma eller eit mellomrom i e-postadressa. Prøv å slett e-posten som ligg i utboksen eller flytt den til kladd. Prøv deretter å oppretta ein ny e-post og skriv inn mottakeradressa manuelt. Prøv å send e-posten på nytt. Det er viktig å bruke epost-leverandøren sin utgåande epost-server (SMTP). Dersom du f.eks. har ei epost adresse som sluttar på «online.no» må du bruke Telenor som SMTP-server (smtp.online.no). Dersom du har ei epost adresse som sluttar på «@kvamnet.no» må du bruke Kvamnet sin SMTP-server (mail.kvamnet.no). Dersom du ikkje får sendt e-post når du er utanfor Kvamnet sitt nett (til dømes når du er kobla opp via mobilnettet) må du inn i kontoinnstillingane i e-postprogrammet å velja at du skal logga på med brukernavn og passord på utgåande e-postserver (SMTP). Du finn som oftast kontoinnstillingane under Verktøy – Kontoer (E-postkontoer). Finn utgåande e-post og velg «Krev pålogging» el. Skriv inn same brukarnamn og passord som for innkomande e-postserver (fornamn.etternamn og ditt passord).

Oppsett av epost-konto

Me anbefalar våre kundar å bruka Webmail i staden for å legga inn e-postkontoen på PC/Mac. Då vil innhaldet i e-postkontoen alltid vera likt uansett kor du loggar inn. Det er også mindre sjanse for at det oppstår feil. Logg inn på Webmail her: webmail.kvamnet.no Dersom du likevel ønskjer å legga inn e-postkontoen i e-postprogrammet skal du bruka innstillingane under. Oppsettet er likt for PC/Mac og mobil. Kontotype: IMAPE-postadresse: [email protected]: Fornamn Etternamn Innkommande epostserverServer: mail.kvamnet.noPort for innkommande epostserver: 993Sikkerhet: SSL/TLSAutentiseringsmetode: vanleg passordBrukarnamn: fornamn.etternamn (husk at @kvamnet.no ikkje skal vera med i brukarnamnet)Passord: dittpassord Utgåande epostserverServer: mail.kvamnet.noPort for utgåande epostserver: 587Sikkerhet: STARTTLSBrukarnamn: fornamn.etternamn (same som for innkommande)Passord: dittpassord (same som for innkommande)Autentiseringsmetode: Vanleg passord