Om oss

Historia til Kvamnet byrja allereie i år 2000. Kvam Rekneskapskontor leverte rekneskapsprogramvare til sine kundar over analoge koparlinjer. Linjeleige var svært kostbart og dei begynte å sjå på trådlause løysingar for datakommunikasjon. Etter kvart som bedriftene vart kobla opp via trådlause basestasjonar såg ein at også private hadde behov for breiband. Til no hadde dei fleste modem eller ISDN i heimen.

I dag er over 3000 kundar i Kvam, Ullensvang og Samnanger tilknytta vårt nett. Og me byggjer stadig ut nye områder. Tenestene me leverer er: internett, TV, telefoni. I tillegg driv me serverutleige til bedrifter.

Kontaktinformasjon

Kvamnet AS, Grovagjelet 6, 5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 11 11

Skriv ei melding til oss her