Internett | privat

Raskt og stabilt breiband via fiber eller antenne

SLIK FÅR DU INTERNETT FRÅ KVAMNET

Fiber breiband

For deg som bur der me har bygd ut fiber, leverer me eit moderne nett med våre høgaste hastigheiter.

100 – 600 Mbps

Trådlaust breiband

Har du fri sikt til ein av våre basestasjoner kan me levera raskt og stabilt breiband via antenne.

50 Mbps

Sjå dekningskart her

Wi-Fi

Standard

Standard Wi-Fi følgjer med i ditt abonnement.

Har du einebustad, større leilegheit eller har WiFi-problem enkelte stader i bustaden tilrår me å oppgradera til våre trådlause aksesspunkt eller ei Mesh-løysing som til dømes Google Nest WiFi.

Ta kontakt med oss eller din lokale elektrobutikk for å finna den beste løysinga for deg.

UniFi | WiFi

Me kan levera trådlause aksesspunkt som gir høg fart og god dekning. Løysinga er enkel å bygga ut ved behov.

Du kan montera sjølv eller så fiksar me dette for deg.

Me sørger for at aksesspunkta alltid køyrer oppgradert programvare.

Frå 1.450,- pr. stk.

Telefoni

Med telefoni frå Kvamnet får du opp til to analoge telefonlinjer. Telefonapparata i heimen vert kopla til heimesentralen og fungerer på same måte som før. Du kan behalda ditt gamle nummer eller du kan få nytt nummer av oss.

Du betalar ein fast pris i månaden og kan ringa gratis til alle fasttelefonar i Noreg. Til mobil og utland får du 10% rabatt i forhold til Telenor sine prisar.

Mange ynskjer fasttelefoni for betre lydkvalitet på samtalar, samt ein ekstra trygghet i heimen.  Fasttelefonen kan også koplast opp mot tryggingsalarm.

199,- /mnd.