UAP AC Long Range
Dette er eit aksesspunkt som støttar den nye trådlause standarden som vert kalla Wi-Fi 802.11ac. Aksesspunktet har eit enkelt og moderne design. Det er svært plasseringsvenleg då det får straum og data gjennom ein vanleg ethernet-kabel. Dette betyr at du berre treng ein kabel frå straumforsyninga/ruter til akesspunktet og er ikkje avhengig av stikkontakt der aksesspunktet skal monterast.
Nyskapande antenne design
Oppsett via smarttelefon
Oppsett av aksesspunkt skjer enkelt via ein app til mobil/nettbrett (Android/iOS). Her kan du og endra på kanal, nettverksnavn og passord.