Fritt kanalval

Me har sendt ut epost med kundenummer og passord til alle TV-kundar. Du kan no logga deg inn under ‘Get TV kanalveljar’ nederst på sida vår. Dersom du ikkje har fått epost kan det hende me ikkje har rett epostadresse. Send ei melding til oss på kontaktsida vår med navn/kundenummer og di epostadresse.

Når du kjem inn på ‘Min side’ kan du trykka på ‘Gå til Kanalvelgeren’.

Inne på kanalveljaren kan du legga til og ta vekk kanalar. Du har 10 ledige plassar som du kan velga inn. Nederst på sida finn du dei faste kanalane. Disse kan du ikkje velga vekk.

Ekstra kanalpakkar

Du kan i tillegg kjøpa tilgang til kanalpakkar og enkeltkanalar direkte frå fjernkontrollen. Trykk OK på fjernkontrollen og velg ‘Mitt abonnement’ på hovedmenyen.

TV på mobil og nettbrett

Last ned Get TV appen til din mobil/nettbrett.

Fyrste gongen du skal bruka appen må du få tilsendt nytt passord frå Get. Dette kan du gjera på get.no eller i appen. Velg ‘Glemt passord’ og ‘Send lenke på epost’. Husk å bruka same epostadresse som du mottok passord frå Kvamnet. Du får då ein epost frå Get. Trykk på linken i eposten og velg nytt passord.

app-store-badge  google-play-badge-128x128