Nyheit frå Kvamnet: Fri fart!

Frå og med 1. januar 2017 leverer me fri fart til alle privatkundar som er kobla til vårt fibernett. Det betyr at våre kundar kan vera sikker på at alle i husstanden har nok båndbreidde til dei tenestane dei brukar på Internett.

Auka bruk av strøymetenester som Netflix, NRK Nett TV, TV2 Sumo osv. set stadig større krav til Internett-linja. Då er det viktig at “hovudvegen” inn i huset har stor nok kapasitet.

Kva hastighet får eg?

Alle våre fiberkundar er kobla til fibernoden med eit 100 Mbit grensesnitt. Teknisk begrensning på eit 100Mbit grensesnitt er ca. 92-96 Mbit. Dette er den kapasiteten me leverer ut til kunden. For å måla den reelle hastigheten inn til huset er det viktig at du koblar ei datamaskin direkte i ruteren/heimesentralen med kabel. Måling kan gjerast på http://www.nettfart.no/

Hastigheita på det trådlause heimenettet vil truleg variere etter kvar du er i huset, kor mange i husstanden som er påkobla eller kva trådlaust utstyr du har. Det er fleire fysiske faktorar som kan bidra til å begrensa hastigheita du får på det trådlause heimenettet. Dette er til dømes plassering og alder/kvalitet på utstyr, varmekablar og vannbåren varme, andre trådlause nett i nærheita osv.

Ta kontakt med oss dersom du har behov for betre trådlaus dekning. Det har skjedd mykje med teknologien dei siste åra og utstyret har blitt vesentleg betre. Me kan tilby enkle trådlause aksesspunkt og boligpakkar som kan dekka heile huset.

Du kan lesa meir om trådlaust heimnett her: https://www.kvamnet.no/kundeservice/tradlaust-nett/

Me oppgraderer nettet jamleg og me har planar om å kunna tilby gigabit grensesnitt til dei fleste fiberkundane i løpet av 2017. Då kan me levera hastighet frå 200 Mbit og oppover.

Pris

529,- pr. mnd. Ingen skjulte kostnadar som linjeleige eller liknande. Me tar kostnaden dersom det vert feil på heimesentral/ruter.