Trådlaust breiband

basestasjon

Kvamnet starta utbygginga av trådlaust breiband i 2001. No dekker me bort i mot heile Kvam og deler av Jondal og Samnanger.
Dei siste åra har me sett opp nye sendarar i alle stasjonane våre. Dette gjer at me no kan tilby over 20 Mbit til dei fleste av våre radiokundar.

Mykje har skjedd med teknologien sidan me begynte. Me har benytta heile sju generasjonar av forskjellige radioar opp gjennom åra. Me byggjer ut i takt med utviklinga, og kan tilby stadig høgare kapasitetar. Me har begynt testinga av neste generasjon radioar. I løpet av neste år vil me mest sannsynleg kunna levera 40-50 Mbit via våre basestajonar.

For å motta trådlaust breiband frå oss må du ha fri sikt til ein av våre basestasjonar. Sjå dekningskart her.

 


Breiband via fiber

Fiber
Klikkk her for å sjå fleire bilder frå fiberarbeid

Kvamnet har til no lagt ned mange mil med fiberkabel i Kvam og Samnanger. I tillegg leiger me fiber frå Kvam Kraftverk i Kvam og Hardanger Energi i Jondal.

I 2010 investerte me i utstyr for å skjære spor i asfalt. Dette gjer at me kan legga ned fiberkabel mykje raskare enn om me måtte grava grøfter. Sporet er ca. 2cm breidt og 20-30cm djupt. I dette sporet legg me fiberkabelen i røyr og fugar igjen med ein spesiel asfaltmasse. Dette gjev eit fint resultat og lite skade på asfalten. I tillegg unngår me å henga opp skjemmande kablar i lufta.

Ta kontakt for meir informasjon om kva område som blir bygd ut no.


 

Utvida dekning på trådlaust heimenett (WiFi)

Ruteren og heimesentralen som fylgjer med i vårt Internett-abonnement har innebygd trådlaust nett. Dette funger i dei fleste tilfella tilstrekkeleg i leiligheter og gjennomsnittlege einebustadar. Men dersom du har eit større hus eller har mange samtidige brukarar tilrår me å utvida det trådlause heimenettet med eit ekstra aksesspunkt.

Me kan tilby aksesspunkt og boligpakkar som er svært plasseringsvenleg. Les meir om kva utstyr me kan tilby her