Dårleg dekning på WiFi

Betre trådlaust heimenett Trådlaust nett / WiFi i heimen blir viktigare og viktigare for folk. Før var WiFi berre eit tillegg til PCen som var kobla til med kabel. Men i dag brukar me WiFi til alt frå mobilar og nettbrett til smart-tv og Chromecast. Det er ikkje uvanleg at over 20 forskjellige «dingsar» er kobla opp mot WiFi i ei vanleg hushaldning. Kravet til kapasitet er mykje høgare då me brukar nettet til tenester som videostreaming, online speling osv. Dette stiller mykje høgare krav til utstyret. I tillegg er det ein del lokale forhold som påverkar hastigheit og stabilitet på det trådlause heimenettet. På denne sida finn du informasjon om kva du kan gjera for å få eit betre trådlaust nett. Plassering av ruter/aksesspunkt Signala som vert sende frå den trådlause ruteren/aksesspunktet til dei ulike einingane (smarttelefon, nettbrett, PC/Mac) har avgrensa rekkevidde. Det hjelp til dømes ikkje å ha ein ny og dyr ruter dersom den vert stua vekk i ein krok i kjellaren når du skal bruka trådlaust nett på loftet. Som ein hovudregel bør du difor plassera ruter/aksesspunkt så nære som mogleg dei romma og plassane i huset du og familien brukar nettet mest. Me rådar deg difor til å trekkja kabel frå der Internett-linja kjem