Vel inn kanalar

Ein av de store fordelane med TV frå Telia er valfridom. Du startar med 50 poeng som du kan bruka til å velja inn kanalar og strøymetenester. Du kan bytta kanalar så ofte du vil. Logg inn på Telia Play (https://teliaplay.no) med ditt brukarnamn og passord. Brukarnamnet er anten telefonnummeret eller e-postadressa som er registrert hjå Kvamnet. Dersom det er første gongen du logger inn på Telia Play, må du oppretta eit passord. Du gjer dette ved å velja «Glemt passord». Skriv inn anten telefonnummer eller e-postadresse. Du vil då motta ein SMS/e-post med ein eigongskode. Skriv inn eingongskoden og nytt passord. Gå tilbake til innlogging og logg inn med telefonnummer/e-postadresse og det nye passordet du oppretta. Når du har logga inn går du til profilen din øvst i høgre hjørne (bruker-ikon og pil). Der vel du VALGMENYEN. Øverst på sida står det kor mange poeng du har brukt og kor mange poeng du har tilgjengeleg. Under «Faste kanalar» ligg alle kanalane som er inkludert i abonnementet. Desse kan du ikkje velja bort. Under «Valt innhald» ligg kanalane som du har valt inn eller som er førehandsvalde for deg. Under «Innhald du kan velja inn» kan du velja blant tv-kanalar