How Can We Help?

Internett fungerer ikkje

Dersom du ikkje kjem på nett kan du prøva fylgjande:

  • dersom du har tilgang til nett via mobilen kan du sjekka driftsmeldingar på http://status.kvamnet.no for å sjå om det er generelle feil i nettet. Legg gjerne inn eit bokmerke til denne sida på mobilen slik at det er enkelt å sjekka driftsmeldingar.

  • sjekk at det er straum/lys på alt utstyret. Dersom du har internett frå Kvamnet via antenne skal det vera lys på straumforsyninga til antenna og ruteren. Dersom du har internett frå Kvamnet via fiber skal det vera straum/lys på heimesentralen.

  • slå av straumen på alt utstyr. Vent 1 minutt før du slår på straumen igjen. Slå av PCen og slå den på igjen.

  • prøv å kopla vekk alt utstyr fra ruteren/heimesentralen. Så koplar du PCen direkte til heimesentral/ruter med kabel.

OBS: IKKJE trykk inn reset-knappen på utstyret