How Can We Help?

Dårleg dekning på WiFi

Betre trådlaust heimenett

Trådlaust nett / WiFi i heimen blir viktigare og viktigare for folk. Før var WiFi berre eit tillegg til PCen som var kobla til med kabel. Men i dag brukar me WiFi til alt frå mobilar og nettbrett til smart-tv og Chromecast. Det er ikkje uvanleg at over 20 forskjellige «dingsar» er kobla opp mot WiFi i ei vanleg hushaldning.

Kravet til kapasitet er mykje høgare då me brukar nettet til tenester som videostreaming, online speling osv. Dette stiller mykje høgare krav til utstyret. I tillegg er det ein del lokale forhold som påverkar hastigheit og stabilitet på det trådlause heimenettet. På denne sida finn du informasjon om kva du kan gjera for å få eit betre trådlaust nett.

Plassering av ruter/aksesspunkt

Signala som vert sende frå den trådlause ruteren/aksesspunktet til dei ulike einingane (smarttelefon, nettbrett, PC/Mac) har avgrensa rekkevidde. Det hjelp til dømes ikkje å ha ein ny og dyr ruter dersom den vert stua vekk i ein krok i kjellaren når du skal bruka trådlaust nett på loftet.

Som ein hovudregel bør du difor plassera ruter/aksesspunkt så nære som mogleg dei romma og plassane i huset du og familien brukar nettet mest. Me rådar deg difor til å trekkja kabel frå der Internett-linja kjem inn og prøver forskjellige plasseringar av ruter/aksesspunkt. Ruter/aksesspunkt bør plasserast så høgt i rommet som mogleg.

Me kan tilby aksesspunkt som er svært plasseringsvenleg. Disse får straum og data via same kabelen. Du er difor ikkje avhengig av stikkontakt der du vil plassera aksesspunktet.

Signalforstyrringar

Det er mange trådlause nett og anna støy i lufta rundt oss. Nokre av disse støykjeldene kan vera:

  • andre trådlause nett i nærleiken (naboen sitt trådlause nett)
  • babycall
  • trådlause telefonar
  • bluetooth
  • microbølgeovn
  • trådlause høgtalarar

Det første ein bør prøva er å endra kanal på det trådlause nettet. Dette kan ein gjera ved å logga seg inn på den trådlause ruteren/aksesspunktet. Prøv forskjellige kanalar for å sjå kva kanal som gir best kapasitet/dekning. På vanleg 2,4GHz trådlaust nett bør ein velja kanal 1, 6 eller 11.

I tillegg er det fysiske faktorar som bidreg til å svekka signala i det trådlause heimenettet. Vegger og golv av betong eller gips, golv med vannbåren varme eller varmekablar, varmtvannsbereder, metallskap, piper/peis og andre fysiske hindringar er alle med på å svekka signala mellom ruter/aksesspunkt og din eining.

Enkelte opplever betre dekning ved å kjøpa ein repeater. Dette er ein boks som du plasserer der du har god dekning. Repeateren tar i mot signalet og sender det vidare. På den måten utvidar du dekninga av det trådlause nettet. Minuset med ein repeater er at du halverer kapasiteten og dersom den ikkje er sett opp riktig risikerer du å få eit dårlegare trådlaust nett enn kva du hadde i utgangspunktet.

Eit anna og i dei fleste tilfelle betre alternativ er å setta opp eit aksesspunkt. Aksesspunktet kan enten plasserast der som ruteren/heimesentralen står eller så kan ein legga opp ein kabel fram til eit meir sentralt punkt i huset.

Alder og kvalitet på trådlaus ruter/aksesspunkt

Dersom du har ein eldre modell av ruter/aksesspunkt er den truleg ikkje dimensjonert for dagens kapasitetar, antall brukarar og einingar. Det kan difor vera ein fordel å investera i ein ny og raskare modell.

Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva utstyr du treng.