Me har fått veldig mange tilbakemeldingar frå kundar som har problem med Internett på PCar med Windows 10. Problemet starta for fullt 08.12.16. Me ser at det er mange som melder om samme problem rundt om i verda.

Årsaka til feilen er truleg ei oppdatering som Microsoft har sendt ut via Windows Update. Feilen medfører at PCen ikkje klarar å motta IP-adresse frå ruteren.

Under finn du ei oppskrift på korleis du kan fiksa problemet:

Trykk på Start-knappen (Windows knappen) nederst i venstre hjørne. Uten å trykka på noko meir skriv «cmd» (uten anførselstegn). Høgreklikk på Ledetekst og velg «Kjør som administrator». Velg «Ja» i dialogboksen som kjem opp på skjermen.

 

 

 

 

 

Skriv «netsh winsock reset catalog» (uten anførselstegn) og trykk enter. Du få no beskjed om å starta PCen på nytt. Trykk på startknappen nederst i venstre hjørne – På/Av og velg «Start på nytt»